Fjellsokningar - vis kva dykk er laga av!
Postet av Fjell kommune den 15. Feb 2017
Vi er utfordra av Os kommune, og det er påstått at vi kjem til å bli gruseknust av dei i tal kilometer sykla. Så her er det berre å brette opp armane og forsvara æra vår! Med i «slaget» er også Askøy, og sjølvsagt må vi slå dei også!
Sykle til jobben varar 60 dagar frå etter påske og til sommarferien. Det er eit mål å komme i betre form, men Sykle til jobben er også eit sosialt tiltak for dei tilsette. Det er premiar for både lag og enkeltdeltakarar, med trekningar kvar veke. Du kan altså vise Jensen på IKT kva du er god for, men det er først og fremst for di eiga skuld.
Deltakarane loggfører aktiviteten sin i appar (endomondo eller strava), eller på Sykle til jobben si nettside. Meir aktivitet gjev fleire poeng, som gjer sannsynet høgare for å vinne premiar i tilfeldig trekning. Det går ikkje an å få meir enn tre poeng per dag, så du treng altså ikkje å gå heilt frå konseptane for å hevde deg. Målet må vere å finna ein aktivitet du likar og kan halde fram med, sjølv etter aksjonen er slutt.
Lukke til!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.