Hyllestad kommune inviterer alle innbyggarane til å bli med på aktivitetskampanje!

Postet av Hyllestad kommune den 2. Apr 2021

Fysisk aktivitet er godt både for kropp og sjel. Dette er eit gamalt utsagn, men som står seg godt. Kunnskapsgrunnlaget er betre enn nokon gong, og konklusjonen har aldri vore tydelegare, fysisk aktivitet er godt for kroppen og ikkje minst psyken.

I Hyllestad er det etter vår oppfatning fleire som er aktive no enn for nokre år sidan. Mange er aktive i idrettshallen eller på treningssenteret, men største auken meiner vi å sjå innan friluftslivet. 

Dette er ei utvikling som vi likar, og derfor har Hyllestad kommune valt å delta (for første gong) i aktivitetskampanjen "sykle til jobben". Kampanjen er for alle innbyggjarar, og du treng slett ikkje sykle til jobben for å være med. All aktivitet kan registrerast.

Hyllestad kommune ønskjer at dette tiltaket kan stimulere endå fleire til å bli fysisk aktive, og vi oppmodar folk om å dra med seg naboen, eller ein venn (som treng frisk luft) ut på tur!

Gå inn og sjekk nettsida og merk deg datoen 20. april- då er det oppstart!

Meir info. kjem.


Hyllestad kommune

v/Gjermund


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.