Ein betre kvardag
Postet av Tonje Norheim Tangerud den 25. Apr 2017
November 2016 var starten på ein betre kvardag for meg. Kiloane var blitt for mange og generelt følte meg i elendig form. Orka ingenting på ettermiddag etter jobb der sofaen og tv blei ein meget god venn.
Etter ein regatta i Hellas og nokre "uheldige" bilder blei det bestemt at når me kjem heim(les meg og mannen) blir det ut og gå! Vi bestemte at me skulle ha som mål 3-5 økter i veka og det skulle skje 1 time etter middag.
Rutine blei slik at når vi kom heim frå jobb gjekk begge og skifta til treningstøy. Eg laga middag og han ordna oppvasken. So 1 time med avslapping på sofaen før me skulle ut og gå.
Byrja med å gå i oppoverbakkar i 2km og ned att 2 km i 2 veker, auka til 5 km , 8km og so 13 km.
Me endra ikkje so mykje i matvegen for me klarar (les gidd) ikkje å drive på med telling av kaloriar, suppekurar eller lignande. Det er aktivitet som gjeld og sjølvsagt ingen meierismør og fløyte i maten i kvardagen!
Me er har klart dette og fått ein betre kvardag begge to. Klarar vi ikkje ein time so går me ein halvtime!!
Det funkar i allefall her i gården :-)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.